Jeg strever i en rekke relasjoner og med studiet, hva kan jeg gjøre?
Spørsmål
Jeg er student og bor på andre siden enn hvor jeg er vokst opp fra. Jeg er på andre året mitt på studiet og jeg sliter ekstremt med å studere og møte opp på forelesninger. Mye av grunnen er at jeg ikke har noen venner, noe jeg egentlig aldri har hatt hele livet. Jeg er i et veldig krevende forhold psykisk som jeg tror kommer til en slutt, som også er helt forferdelig for meg siden det er den eneste personen jeg har å prate med om noe som helst, og er faktisk helt fra meg. Jeg har absolutt ingen og jeg hater å bo her jeg bor med følelsen av å ikke være god i noen ting. En kjæreste som skal slå opp med meg, absolutt ingen venner , ikke snakker jeg med familien min og jeg tror jeg kommer til å stryke dette semesteret. Hva kan jeg gjøre?
Først av alt: Det høyrest ut som du står i veldig mykje for tida. Det du skildrar, verkar både krevjande og overveldande, og det er ikkje rart om det blir vanskeleg å studere og møte opp på førelesingar når så mykje skjer på ein gong.
Alt på ein gong
Mange som har kome til meg som psykolog med liknande problem, skildrar ei kjensle av at «alt må fiksast» før livet kan bli betre. Samtidig kan mengda av problem bli så overveldande at ein nesten ikkje veit kvar ein skal byrje. Då blir det fort til at ein ikkje kjem i gang med noko.
Kanskje er det litt slik for deg òg? I så fall kan eit første steg vere å prøve å dele det som er vanskeleg opp i mindre og meir handterbare delar. Du treng ikkje løyse kjærleiksforholdet, einsemda, familiesituasjonen og studia på ein gong.
Nokon å snakke med?
Når det blir så mykje som du skildrar, treng dei fleste nokon å snakke med for å få hjelp til å sortere og finne ut kva som er viktigast å ta tak i først.
Både fastlegen din og ein rådgjevar eller studierettleiar på studiet kan vere gode samtalepartnarar. Den lokale studentsamskipnaden din har også tilbod der du kan få hjelp til å byrje å nøste i det som er vanskeleg.
Det finst også chat- og telefontenester dersom du treng nokon å snakke med:
-
Mental Helse: 116 123 (heile døgnet)
-
Kirkens SOS: 22 40 00 40
-
Chat med Kirkens SOS kvar dag frå 18.30–22.30 (fredag til 01.30)
-
Studenttelefonen: 116 123 (tast 3), alle dagar frå kl. 16.00 til 06.00
Frå passiv til aktiv
Ein vanleg menneskeleg reaksjon når livet blir overveldande, er at ein trekkjer seg tilbake og blir meir passiv. Ein sluttar kanskje å møte opp, blir mykje åleine og får mindre tilgang til dei sidene av seg sjølv som vanlegvis hjelper ein vidare. Problemet er at dette lett kan gjere både einsemda og kjensla av å ikkje meistre sterkare.
Eit viktig første grep kan derfor vere å gjere noko lite som bryt dette mønsteret. Det treng ikkje vere stort. Det kan vere å gå ein tur, møte opp på éi førelesing, setje seg på lesesalen, melde seg på ein aktivitet i linjeforeininga eller møte opp på ein av studentsamskipnaden sine møteplassar.
ABC for psykisk helse
Forsking på psykisk helse peikar mellom anna på tre enkle prinsipp: A) gjer noko aktivt, B) gjer noko saman med andre og C) gjer noko som opplevast meiningsfullt.
Eg forstår godt om dette høyrest vanskeleg ut akkurat no, særleg når du kjenner at du ikkje har nokon. Men studentbyane har ofte mange aktivitetar der det er heilt vanleg å møte opp utan å kjenne nokon frå før. Prøv gjerne å søkje på «STUDENTBYEN DIN + studentaktivitetar», og sjå om du finn éin ting som verkar mogleg å prøve.
Du treng ikkje få orden på alt no. Kanskje er oppgåva akkurat no berre å finne det første vesle steget – og gjerne ein person som kan hjelpe deg med det.
Masse lukke til.
Kommentarer
Opprett bruker / logg innIngen kommentarer ennå. Bli den første til å skrive!
Del gjerne din mening, erfaringer, og støtte til andre her.
Kommentarer forhåndsgodkjennes, se .
Ønsker du svar fra en fagperson? Send inn eget spørsmål.
Finner du ikke det du leter etter?
Send inn spørsmålet ditt anonymt. Du får svar fra en fagperson, vanligvis innen et par dager.
Spør anonymt












